<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?><song><lyrics>[V1]
 Ved Jesu føter ei stille stund,
 når orda kjem frå Hans eigen munn.
 // Når eg og Jesus åleine er,
 då er det hugnad å leva her. //

[V2]
 Kvar finn ein fagrare stad på jord,
 kvar høyrest visare sannings ord.
 // Når eg og Jesus åleine er,
 då ynskjer eg ikkje meire her. //

[V3]
 Her må det tunge og vonde fly,
 her vert eg alltid i striden ny.
 // Når eg og Jesus åleine er,
 den største striden får løysing her. //

[V4]
 Så lat då koma kva koma vil,
 eg veit ein stad eg skal springa til.
 // Når eg og Jesus åleine er,
 kven kan då standa imot oss her. //

[V5]
 Og snart så kjem no den stunda kjær,
 då eg skal sjå Honom slik Han er.
 // Når eg og Jesus åleine er,
 me talar saman som aldri her. //</lyrics>
<title>Ved Jesu føter ei stille stund</title>
<presentation>v1 v2 v3 v4 v5 </presentation>
</song>